The Style Memoirs tilbyr farge- og stilanalyse som er særskilt tilpassa kvar enkelt kunde. The Style Memoirs vart danna i 2016 som ein etterfylgjar til Illuminated Style (2013-2016). Fargeanalysen skjer ansikt-til-ansikt, medan stilanalysen i tillegg kan skje på nettet.

Kven?

Elisabeth er ein imagekonsulent og klassisk målar. Ho fekk si utdanning i farge- og stillære i 2013 hos Color Me Beautiful/Color Alliance. Ho har ein bachelorgrad i psykologi frå Aarhus Universitetet i Danmark, avslutta tre år på kunstskulen The Swedish Academy of Realist Art i 2016, og har vore elev hos Odd Nerdrum. Ho bur i dag i heimbygda si i Telemark.

Elisabeth har alltid vore interessera i kvifor nokre fargar og plagg er kledelege medan andre ikkje er det. Ho las si fyrste bok om farge og stil i barndomsåra midt på 90-talet, og har sidan det hatt ei vedvarande interesse for emnet. I tillegg til å ha kunnskap om stil på eit teoretisk og praktisk plan, har Elisabeth ein forkjærleik for vintage. Når ho set saman garderobar for kunder, kombinerar ho sin kunnskap om stil og farge med psykologi og sin kunstfaglege bakgrunn.