Du har funne dine beste fargar, snitt, linjer… you name it. Med denne nye kunnskapen i hovudet set du kursen mot butikken, der du tar med deg haugar av klede inn i prøverommet. Til di store misnøye ser du at ikkje alt ser så bra ut likevel – til tross for at kleda teoretisk sett oppfyller alle krava. Kanskje er det slik at den kjolen rett og slett ser litt småjentete ut på deg, eller at den genseren ser tam og kjedeleg ut. Ein løysing på dette vil vere å finne din stiltype – kor du er å finne i stiltaksonomien.

Din stiltype viser tilbake til dine ansiktstrekk, beinbygning og uttrykk. Det stiltaksonomiske systemet ser på heile deg for å finne klede, teksturar, og stilar som er deg. Det er ikkje det endelege resultatet, men heller ein mal som tilpassas dine preferansar. Difor kan ein for eksempel finne både ein gotisk og ein bohemsk Romantic. Stiltypane gir deg ein heilsleg stil som vert skreddarsydd til deg.

Stiltaksonomien består av 6 hovedtypar: Dramatic (Dramatisk), Natural (Naturleg), Classic (Klassisk), Gamine (Gamin), Delicate (Delikat) og Romantic (Romantisk). Kvar type kan kombinerast med ein annan for å få ein heilt ny stiltype (sjå tabellen under). I tillegg til desse, er det typen Languid (Draumvoren) som er ein kombinasjon av Dramatic, Natural og Delicate. Alt i alt er det 22 typar i The Style Memoirs stiltaksonomi.

 

Blandingstypene er som borna til dei 6 grunntypane: dei tek litt av kvar “forelder” og skapar sitt eiga uttrykk. Under ser du ein collage med dei 6 grunntypane. Merk at typane er litt karikert for å betre vise korleis der skil seg frå kvarandre. I navigasjonsmenyen finn du linkar til kvar type, både grunn- og blandingstypar, med illustrasjonar og kjenneteikn. Om du ynskjer å finne din stiltype kan du kontakte meg for ein stilanalyse der du får ein skreddarsydd stilbok med mykje informasjon og illustrasjonar.

 

The 6 basic types